Hagebruk for storbyfolk

Truls Eco Garden: der kinesiske dagsenter-elevar frå storbyen får stikka fingrane i jorda.

– Eg elskar å vera her!

Sola står høgt på himmelen, og Ning Jie (26) tørkar den sveitte panna med arbeidshansken og set spaden frå seg. Ho er ein av omtrent 13.500 innbyggjarar i Nanjing som er registrerte med psykisk utviklingshemming. Dei fleste av dei lever heile livet innandørs saman med foreldre eller besteforeldre. Passivitet og isolasjon fører til at mange blir deprimerte og frustrerte. 

Kinesisk ung jente med psykisk utviklingshemming smiler og bøyer seg ned for å bære murstein.

Ning Jie ryddar ny åker i Truls Eco Garden utanfor Nanjing (foto: Line Ørnes Søndergaard)

Eksotisk å få jord under neglene

Som ein av tjue, har Ning fått plass som elev på dagsenteret Home of Grace i Nanjing, og nå er ho på besøk i Truls Eco Garden. «Økohagen» ligg ein times kjøretur frå dagsenteret i storbyen, som ein liten oase for unge storbyfolk med spesielle behov. Ein kan komma på dagsbesøk eller overnatta.

"

«Eg likar spesielt det harde arbeidet. Den sunne kroppen min passar så godt til det.»

"

Hovudattraksjonen på dette terapisenteret er gardsarbeid i kjøkkenhagen og på åkrane utanfor. For byfolk er det svært eksotisk å få jord under neglene og hausta eigne grønsaker til middagen. I tillegg er det uvant lite trafikkstøy her, ein kan høyra fuglesong, og lufta er frisk. Augo kan kvila på åsar og innsjøar i staden for høge bygningar, og her er boltreplassen ein saknar i den tettpakka bykjernen. 

– Eg likar spesielt det harde arbeidet. I dag driv me og ber murstein, for eksempel. Den sunne kroppen min passar så godt til det. Eg er i skikkeleg god form, fortel Ning, mens ho ryddar plass til fleire giftfrie grønsakbed i kjøkkenhagen saman med Zheng Xiao (25).

Kinesisk ung mann med psykisk utviklingshemming sitter og spiser lunsj med pinner.

Zheng Xiao likar å hjelpa til på kjøkkenet. (Foto: Line Ørnes Søndergaard)

Blir «kjempesterk» av arbeidet 

Tungt kroppsarbeid er favoritten hans også.

 ­– Det gjer meg kjempesterk, seier han. Zheng fortel at han er lukkeleg her, for han får gjera både gardsarbeid og husarbeid. Han klappar i hendene, når han snakkar om å vaska opp. Fru Hu Xiu Lan som lagar mat her, får alltid hjelp av medelevane til å laga mat og vaska opp. 

Kinesisk kvinne står ved kjøkkenbenken med forkle på og tilbereder grønsaker og ris

På kjøkkenet styrer fru Hu Xiu Lan. (Foto: Line Ørnes Søndergaard)

For Ning er det ikkje uvanleg å vaska opp. Heime får ho lov til både det og å reia senga si.

– Men her får eg lov å ta ta skikkeleg i, bera ved og vaska grønsaker og ikkje minst: Eg får læra å laga mat, fortel ho. Det beste er å steika potetskiver og laga steikt ris med egg. Å spela basketball og pingpong er nesten like bra.

"

 «Mange dagsenter-elevar får for lite utfordringar heime hjå foreldra sine» 

"

Dagsenter-elevane opplever mykje meistring 

– Mange dagsenter-elevar får for lite utfordringar heime hjå foreldra sine. Her på Truls Eco Garden prøver dei nye ting og opplever mykje mestring, seier Wang Yan Jun. Han er lærar i økohagen og har tidlegare vore leiar for dagsenteret Home of Grace. Det er eit mønstersenter i eit stort opplærings-prosjekt, drive av Nanjing KFUK og Areopagos. Dei samarbeider om å heva kompetansen blant fagfolk og foreldre til psykisk utviklingshemma. Målet er gode og verdige liv for menneske med utviklingshemming, og å endra omverda sitt syn på dei.

Portrett av kinesisk mann med briller og hettegenser

Lærar Wang Yan Jun på Truls Eco Garden (Foto: Line Ørnes Søndergaard)

Oppkalla etter norske Truls frå Fusa

Økohagen er oppkalla etter Truls Strømme frå Fusa i Noreg, som er 32 år og har Downs syndrom. Gjennom økonomisk støtte frå han sjølv og foreldra hans, har Nanjing KFUK fått høve til å leiga denne staden som del av arbeidet rundt Home of Grace.

– Me veit kor krevjande det kan vera å ha psykisk utviklingshemming eller ha eit barn med det, i eit velferdssamfunn som Noreg. Difor er me opptatt av korleis det er å leva med dei utfordringane under andre forhold, fortel Roar Strømme, far til Truls. Han og kona Bente bistandsarbeid for psykisk utviklingshemma i Kina, Etiopia og Ecuador.

 

En person med psykisk utviklingshemming ligger under dyne i køyeseng, med sko og tøfler nøye oppstilt på gulvet ved sengen.

Føremiddagskvil i køyeseng på Truls Eco Garden (Foto: Ann Kristin van Zijp Nilsen)

"

«Det er fint å få utvida perspektivet for kva som er muleg»

"

Ville visa at ein kan ha eit godt liv 

Dei tenkte ikkje at støtta skulle føra til «så mykje styr» med oppkalling av terapisenteret, der bildet av Truls heng på veggen «som eit Mao-bilde». Men Strømme håpar at utanlandsk engasjement kan ha ein symbolverdi for arbeidet.

– Me hadde med ein album med foto av Truls sitt liv. Både fagfolk og foreldre blei svært overraska over å sjå at han bur for seg sjølv, går på jobb, syklar og spelar i band. Me ville visa at ein kan ha eit godt liv, sjølv om ein har Downs. Det er fint å få utvida perspektivet for kva som er muleg, seier Strømme. 

Roar Strømme var overraska over at den vesle økohagen er open for elevar og foreldre ved alle dagsentera i Nanjing og betyr så mykje for så mange.

– I tillegg er brukarane godt synlege på idrettsanlegg og markene utanfor sjølve kjøkkenhagen. Dei blir ikkje haldne innanfor murane der, seier han nøgd. 

En person med psykisk utviklingshemming kaster ball i kurv på basketbane. Læreren hans ser på.

Dagsenterelevane er ofte ute med læraren sin på idrettsanlegg og rekreasjonsområde i nærleiken av økohagen. (Foto: Line Ørnes Søndergaard)

Vanleg med skyhøgt giftinnhald i grønsaker 

I Truls Eco Garden dyrkar elevane tomatar, poteter, agurk, aubergine, bønner og mange kinesiske kålsorter, og alt er økologisk. I dagens Kina uroar det skyhøge giftinnhaldet i vanlege grønsaker folk flest.

– Våre grønsaker er usprøyta, så dei er svært populære blant foreldra til elevane, fortel lærar Wang.

Jenta utan språk snakka for første gong

Truls-hagen har også høns og hundar.

– Eg likar kvelpar fordi dei ikkje bit og sauer fordi eg er fødd i «sauens år», seier Ning Jie.  

Tidlegare hadde ein fleire dyr, som kaninar, i økohagen. 

"

‹Plutseleg oppdaga læraren hennar at ho sat og småsnakka til ei kanin.»

"

 – For ei stund sidan var ei jente med autisme-diagnose på besøk der. Plutseleg oppdaga læraren hennar at ho sat og småsnakka til ei kanin. Til då hadde alle trudd at ho var utan språk. Læraren blei forsiktig med i samtalen, og det blei starten på at jenta snakka til andre, fortel Grethe Raddum, som leier Areopagos sitt arbeid i Asia.

To hvalper spiser fra matskål ute på en gårdsplass.

Dyr er ein viktig del av økohagen. (Foto: Line Ørnes Søndergaard)

"

«Elevane der er glade, i motsetning til på andre senter.»

"

Nyleg evaluerte eit kinesisk fagteam det store dagsenter-prosjektet, der Home of Grace og Truls Eco Garden inngår.   

– Fagteamet rangerte Home of Grace som det beste dagsenteret dei har besøkt av ein enkel grunn: Elevane der er glade, i motsetning til på andre senter. Nå skal Areoapgos og Nanjing KFUK vidareutvikla prosjektet.

– Den største utfordringa er å halda på staben, sidan lønna er så låg. Lærarar som arbeider på institusjonar som dette får omtrent halvparten av vanleg lærarlønn.

«Her får eg bety noko»

I kjøkkenhagen fiklar Zheng Xiao litt med Ole Brum-mobilen som heng rundt halsen hans. Han likar seg betre her enn i byen, seier han.

Kvifor det?

– Fordi herr Wong er ein veldig bra lærar. Me får gjera mykje kult saman med han. Me lærer nye ting. Jogging, for eksempel. Det likar eg skikkeleg godt.

Ung mann med Ole Brum-formet mobiltelefon som henger i bånd rundt halsen

Zheng Xiao er elev på dagsenteret Home of Grace og likar godt å komma til Truls Eco Garden. (Foto: Line Ørnes Søndergaard)

Læraren smiler.

– Kvifor jobbar du her, når du kunne fått mykje betre lønn ein annan stad?

­– Eg likar ikkje å sitja bak eit kateter eller leva eit komfortabelt kontor-liv. Her får eg bety noko for menneske som verkeleg treng hjelp, og det er svært meiningsfullt. Dette er jobbar som nokon må gjera, og i dette tilfellet er det meg.

Denne artikkelen blei først publisert i Areopagos sitt gratismagasin Tørst våren 2016. Etter at intervjuet blei gjort, har lærar Wang Yan Jun slutta i jobben på Truls Eco Garden, og Ning Jie er ikkje lenger elev på Home of Grace.

 

GI EI GÅVE TIL DAGSENTERPROSJEKTET

SMS

  • Gi 200 kroner ved å senda sms «agave » til 2434
  • Bli fast givar ved å senda sms «agave avtale» til 2434, så tar Areopagos kontakt.

VIPPS

Bruk Vipps-app og betal til 19875

 

 

 

 

NANJING

  • er provinshovudstad i Jiangsu, som ligg på austkysten av Kina
  • var verdas største by rundt år 1400 (500 000 innbyggjarar) og har vore hovudstaden i Kina i fleire periodar
  • har i dag omtrent 7 millionar innbyggjarar
  • har 112 dagsenter for menneske med nedsett psykisk funksjonsevne

DAGSENTERPROSJEKTET

  • gjer livet betre for menneske i Nanjing med nedsett psykisk funksjonsevne, ved å gi dei tilpassa opplæring og betre mestring av eigen kvardag
  • hevar kompetansen hjå tilsette ved dagsenter i heile byen
  • endrar haldningar til psykisk utviklingshemma hjå foreldre, fagfolk og i lokalsamfunnet generelt
  • har vore drive av Nanjing KFUK sidan 2012 med økonomisk støtte og fagleg vegleiing frå Areopagos
  • har vore godkjent og støtta av NORAD i perioden 2012-2016 og søkjer om støtte for ny periode frå 2016.

Bottom