Sidan 2009 har AKN leia kommunikasjonsarbeidet til Areopagos og med det redaktør for magasinet Tørst. Ho har skrive, snakka og tenkt høgt for å skape forståing på tvers av tru, på grunn av tru og på trass av tru.
– Eg synest det er kjekt og meiningsfylt å formidle tru på ein måte som skaper større forståing for religion, og vise at å tru er kvardagsleg, viktig og bra, seier van Zijp Nilsen.
Vi har ledig stilling som kommunikasjons- og innsamlingsleiar.
Fortset med det ho likar best
No skal ho skifte arbeid og bli prest.

Men ho forlet ikkje Areopagos og heller ikkje det ho likar best med jobben sin.
– Dei seinare åra har det vakse fram ein tanke i meg om å vere prest, så eg blei glad for å høyre at Areopagos vil ha meg som dialogprest.
– Slik kan eg gå enda tettare på det som eg opplever som mest meiningsfylt, seier ho og fortel at det er dialog på tvers av livssyn og dialog for å gjere den kristne bodskapen relevant for fleire.
– Den kristne trua er eit større rom enn folk ofte reknar med. Det finst måtar å praktisere kristen tru på og måtar å snakke om eksistensielle spørsmål som er opnare enn mange tenkte på førehand, meiner ho.
Som medlem i styret for Kirkelig dialogsenter i Oslo har ho gledd seg over utviklinga der:
– Frå det blei grunnlagt på det banebrytande Dialogsenteret Emmaus sin arv, til alt senteret er og gjer i dag, med avleggjarar i mange andre byar.
Vakkert og gjennomført
I si tid som kommunikasjonsleiar har oppstart og drift av magasinet Tørst vore ein stor del av arbeidet til van Zijp Nilsen.

– Det er på mange måtar hennar signatur, og har blitt Areopagos sitt visittkort når vi er rundt og møter folk, fortel prest i Areopagos, Tore Laugerud. Han har arbeidd med Ann Kristin van Zijp Nilsen alle hennar år i organisasjonen.
– Tørst er som ei bru for oss, der folk kan gå frå å vere interessert til eit engasjement for arbeidet og formålet vårt, og etterkvart medlemskap.
Laugerud er imponert over måten van Zijp Nilsen bevisst og systematisk har bygd opp dette magasinet.
– Tørst ber preg av kompromisslaus gjennomføring når det gjeld arbeid med tekster, bilete og layout.
– Eg får mange tilbakemeldingar på at det som kjem frå oss i Areopagos er vakkert, gjennomført og skil seg ut. Van Zijp Nilsen har bidratt vesentleg til å skape det inntrykket.
Dessutan er Laugerud merksam på at kommunikasjonsleiaren har kjensle for kva som røyrer seg i samtidskulturen.
– Tørst kan fint ligge ute på eit tannlegekontor utan at nokon treng å skjemmast over innhald og form.
– Spenst i det ho skriv
Også utanfor Areopagos er Tørst rekna som eit magasin med kvalitet.
– Ho har sett seg høgare ambisjonar på eigenart og kvalitet enn vanleg for organisasjonsblader, og har lykkast godt med det, meiner redaktør i magasinet Strek, Asle Finnseth.
– Tørst opererer på små flater, men gjer det med liv og glød, stødig og stramt redigert. Tekstane er ikkje lange, men har kvalitet, seier redaktøren, som og har lagt merke til van Zijp Nilsen som kommentator i avisa Vårt Land.
– Ho skriv godt, og har eit auge for talande scener og trekk ved menneske og ting som gjev spenst i det ho skriv.
Finnseth meiner van Zijp Nilsen er god på å sjå kjernen i ting.
– Ho går ofte litt på tvers av gjengse oppfatningar, og formidlar det med temperament og mot, klart og poengtert.
Ut med det vi har i hyllene
Gjennom åra i same arbeidsfellesskap har van Zijp Nilsen lært kollega Laugerud verdien av å kommunisere bevisst.
– Både å kome ut med det vi har i hyllene, og gjere det slik at bodskapen når inn hos mottakar, fortel han og ramsar opp eigeskapar han verdset hos sin kollega. Blant dei er kreativiteten.
– Når den boblar er det berre å stille seg i straumen av idear og tankar.

– Kva for sider ved henne vil vere sentrale når ho tar til som dialogprest?
– Hennar kjennskap til trendar i kulturen, ikkje minst hos folk på hennar alder og yngre, er gull verdt i arbeidet som Areopagos-prest.
– Det er viktig for oss fordi vi legg vekt på å lytte til og forstå menneska vi møter.
Derfor har og Laugerud ein forventning om at van Zijp Nilsen vil få ei rolle på nye arenaer for dialog.
Viktig med prestar i Areopagos
I det heile, skal ein tru Tore Laugerud, blir det ikkje vanskeleg for den nye presten å finne spanande oppgåver etter vidareutdanninga. Han nemner arbeid med å fremje tidebøner, forkynning, spiritualitet og fordjuping.
Van Zijp Nilsen har ikkje fullført teologistudiar, men i Den norske kyrkja finst ein annan veg til prestegjerning. Kyrkjerådet si evalueringsnemd har godkjend van Zijp Nilsen til å gå det løpet.
Frå hausten skal ho ta eit år med praktisk-teologiske studiar på MF vitenskapelig høyskole, og vonar å vere ferdig med det, og ein allereie påbegynt master i teologi, neste sommar.
– Det er viktig at Areopagos har prestar i staben, og for meg er det eit privilegium å få vere ein av dei, seier ho.