Forsiden>Kalender>Samtalekveld i Sand kyrkje
Foto: Ann Kristin van Zijp Nilsen

Samtalekveld i Sand kyrkje

Nattverden: eit gåtefullt fellesskapsmåltid, eller berre ein vinskvett og tynn kjeks?

Fram til omtrent 1913 var det påbod om at alle vaksne nordmenn skulle gå til nattverd minst ein gong i året, men det blei ikkje handheva etter 1850. Sidan då har talet på folk som går til nattverd dalt og dalt ­– men ikkje nå lenger: Trenden har snudd, og stadig fleire går til nattverd.

 

Velkommen til ein personleg samtale mellom tre menneske med ulike utgangspunkt om korleis me praktiserer trua vår – og ikkje. Om kvifor me går og kvifor me ikkje går til nattverd. Kva er det som hindrar oss eller støyter oss vekk, og kva er det som lokkar oss? Og korleis heng dette med erfaringane me ber med oss?

 

Desse kan du høyra i samtalen: Marthe Lien (som jobbar på Sand Blomster), Asbjørn Salthe (sokneprest) og Ann Kristin van Zijp Nilsen (kommunikasjonsleiar i Areopagos)

 

PRAKTISK INFORMASJON: Det blir servert kaffi og kjeks i kyrkjebenkene, og kyrkjevertane ser til at alle smittevernreglar blir følgde. Reglane gjer at det er plass til færre folk enn vanleg i kyrkja, så ikkje ver seint ute om du vil sikra deg plass. Men det er rom på galleriet også.

 

Samtalekvelden er ein del av serien «Kvar søndag er kyrkjedag», som føregår dei søndagskveldane det ikkje er gudsteneste i Sand kyrkje. Denne kvelden blir arrangert saman med Areopagos, som Sand kyrkje har samarbeidsavtale med.

 

Powered by Cornerstone