Forsiden>Artikler>Amy, Bobbie og eg
Amy, Bobbie og eg

Amy, Bobbie og eg

Det var først for nokre år sidan eg forstod kvifor så mange taparar kom til «Huset for alle syndarar og helgenar,» kyrkja med den (tilsynelatande) kule, tatoverte kvinnepresten.

Dersom det fanst odds mot Amy – at ho som var lam frå livet og ned, ikkje kom til å overleve barndommen, at ho aldri kom til å bli ein stor dansar, at ho aldri kom til å vere eit seksuelt vesen, at ho aldri kom til å få ein karriere og kunne forsørgje seg sjølv, at ho aldri kom til å køyre ein raud open sportsbil, at ho aldri kom til å bu i sin eigen heim på sin eigen måte – så gjorde ho dei alle grundig til skamme. Amy var ikkje ei du kødda med. Ho drakk vin til lunsj, kledde seg i altfor fargesprakande klede og hengde på seg for mykje jugl, og ho kunne himle med auga som om ho hadde ein innebygd idiotdetektor i hovudet.

  • Denne teksten er eit utdrag frå boka Å finne Gud i feil folk (Vårt Land forlag 2019), kapitlet «Den lamme».
  • Då originalen kom ut i 2015 med tittelen Accidental Saints: Finding God in All the Wrong People, hamna ho på New York Times si bestseljarliste.
  • I 2020 er forfattaren aktuell med ei ny bok på norsk: Synder og helgen.

FREKKHEIT. Amy var ei titanhavfrue i rullestol – og då snakkar vi ikkje om disneyprinsesseversjonen av ei havfrue. Ho var «Eg lever sterkt utan bein»-typen. Det er utruleg at så mykje frekkheit og sarkasme kunne få plass inni ein så liten og øydelagd kropp, men slik var det.

Bestevennen hennar Bobbie sa ofte at det å vere saman med Amy kjenslemessig var som «å stå rett framfor ein brannslange». Men dersom Amy var ein brannslange, var Bobbie ein murvegg.

Bobbie hadde den spesielle typen usikkerheit ved seg som berre smerte kan skape. Denne smerta ligg alltid der, under overflata, gøymd vekk, kapsla inn. Seksuelle overgrep i barndommen gjer noko med eit sinn i utvikling og forandrar retninga for alltid. Sjølvsagt er det forskjellig frå person til person kva retning ein utviklar seg i. Somme offer blir overgriparar og påfører andre det dei gjekk gjennom sjølve. Nokre skrellar livet sitt ned til ingenting og forsvinn i nåler, barberblad, karbohydrat. Andre skaper seg eit liv med karriere, familie og fellesskap og går gjennom livet med fleire lag av vern rundt seg for å skjule skaden sin.

PINLEG. Det er alltid ein undertone av smerte i alt Bobbie seier – på same tid for synleg til at vi kan oversjå det, og likevel for skjult til å nemne det. Når ho snakkar, ler ho mykje. Ein nervøs latter, ikkje fordi noko er morosamt, men fordi det er ubehageleg. Det er vanskeleg å vite korleis ein skal takle ein slik latter, og – vel, det er pinleg. Så pinleg, faktisk, at eg ei stund ikkje heilt visste korleis eg skulle setje pris på Bobbie.

På eit tidspunkt tidleg i historia til Huset for alle syndarar og helgenar var eg forbløffa over at så mange sosialt utilpassa folk som Bobbie dukka opp.

Eg meiner – kyrkjelyden var ørliten, bestod berre av kanskje mellom tjue og tretti personar, og nokre få av dei var karismatiske, stimulerande og, du veit, kule. Men «Ta med eigen hjerne»-bibelstudiet som eg begynte å halde kvar veke i kjellaren på ein hipsterbar i Denver, trekte ikkje til seg den typen folk. Og kvifor ikkje? Fordi fengslande, dynamiske menneske som er naturlege leiarar, har det travelt. Det er etterspurnad etter tida deira og merksemda deira. Dei som i staden møtte opp på bibelstudiet på tysdagar, var dei som kunne ha møtt om det var onsdag, torsdag, fredag eller laurdag. Dei som hadde fem eller seks frikveldar i veka.

KULE FOLK. Eg hadde overtydd meg sjølv om at kyrkja vår aldri ville ha ein sjanse om det var denne typen folk som møtte opp. Samtidig hevda bloggarar og kyrkje- ekspertar (som aldri hadde besøkt Huset for alle) at kyrkja vår – for- di presten var tatovert og prestar trekkjer til seg folk som liknar dei sjølve – open- bert berre var ei kyrkje for hipsterar. Noko som aldri har vore tilfellet. Dei utan tatoveringar og ironiske briller dominerer over dei med, i storleiksorden ca. tretti til éin.

Til slutt spurde eg meg sjølv: «Vent. Kvifor trekkjer eg ikkje til meg andre kule folk? Eg meiner, kvifor er det ikkje fleire folk som meg som kjem?»

(No er det truleg på sin plass å stille det openberre spørsmålet: Kven tenkjer slik skit?)

INTENSIVEN. Like etter at dei møttest i 2002, blei Bobbie, kjenslekrøplingen, sherpa for Amy, den fysiske krøplingen. Frå utsida såg det ut som om Bobbie på sjølvoppofrande og medfølande vis tok seg av ei ufør kvinne. Ho slepte med seg Amys krokete vesle kropp til konsertar og på lange bilturar og til skotske festivalar (rapportane derifrå seier at Amy var kjend for å ha letta på ein kilt eller to frå si gunstige plassering i rullestolen).

Og då Amy i vekevis var innlagd på intensiven, intubert og så vidt i live, veik Bobbie knapt frå sida hennar i det som, igjen, såg ut som ei godhjarta handling overfor ei som var «mindre heldig enn ho sjølv». Og det var vanskeleg å ikkje skjemmast over mi eiga sjølvopptatte, lunefulle og av og til stygge tilnærming til det å elske (eller ikkje elske) andre, særleg når eg såg korleis Bobbie tok seg av Amy. Urokkeleg. Usjølvisk. Nydeleg. Eg beundra det. Men eg kan ikkje seie at eg forstod det.

DEN DØDE KROPPEN. Bobbie var den som fann den døde kroppen til Amy Mack, slik vi alltid hadde rekna med at det ville skje. Hjartet til Amy hadde gitt opp, og etter å ha funne henne hadde også hjartet til Bobbie – ei stund, og på ein annan måte – gjort det same.

Då eg kom til Amys leilegheit, sat Bobbie på trappa utanfor, i den kjølige vårsola, og venta på at rettsmedisinaren skulle utelukke at det låg noko kriminelt bak dødsfallet.

Eg gav Bobbie ein klem og var usikker på kva eg skulle seie. Bobbie Jo og Amy Mack var sjelesøstrer, bestevenner og medsamansvorne.

«Eg er så lei meg, kjære deg.» Det var omtrent det eg klarte å få fram før rettsmedisinaren kom ut og sa at vi kunne få litt tid med avdøde før dei kom for å hente henne.
«Men berre nokre minutt», sa han.

KORSTEIKNET. Då eg salva Amy, tok eg meg ekstra god tid. Som eg nemnde tidlegare, er det ikkje ofte vi får høve til å oppleve at ei daglegstove blir brukt som mottakingsrom – parlor. Mens eg gjorde korsteiknet på den kjølige panna hennar, gleid fingrane mine lett over olja og forma korset, og eg blei dratt tilbake til berre fire dagar tidlegare, på oskeonsdag, då eg hadde besøkt Duffy og Charlie og forma det same teiknet med oske på hovudet til den berre timar gamle babyen Willa, og mintest at vi alle høyrer til Gud og skal tilbake til Gud.

I leilegheita til Amy, omgitt av dekorative havfruer og suvenirar, følte Bobbie Jo og eg, saman med ein annan venn, Ellen, som hadde kome eit stund tidlegare, at vi trong å ære den døde kroppen til vennen vår. Særleg denne kroppen. Denne knapt førti kilo tunge, øydelagde, lamme kroppen. Vi strauk henne over det skittenblonde håret og rørte lett og kjærleg ved det kjølige ansiktet, allereie stivt etter ein halv dag utan liv. «Du høyrer til Gud, som du har vendt tilbake til», sa eg og kyste ansiktet hennar. Deretter kyste Bobbie henne på panna, rett på korset av olje, forsegla det med kjærleik.

Etterpå, då liksynsmannen sleit med å løfte Amy over på båra frå rullestolen, sa Bobby: «Beina hennar har ikkje vore rette på femten år. Ikkje prøv å rette dei ut no.»

HELVETES RULLESTOL. Det var natta før hausttakkefesten i 1965 at fem år gamle Amy blei slyngd gjennom bakruta i ein pickup. Eit menneske hadde drukke for mykje, og eit anna menneske skulle aldri kunne gå igjen. Tragisk nok er det ofte slik det endar. Ho hata den «helvetes rullestolen», som ho kalla han, som ho var dømd til å bruke etter ulykka, men som ho aldri gjennom dei femti åra lét bestemme kven ho skulle vere. (Nokre få år tidlegare spurde eg henne: «Du Amy, er ‘helvetes’ liksom fornamnet til rullestolen din?» Ho svarte med ein enkel, beinete langfinger.)

TAKK. Under minnestunda for Amy las Bobbie opp alt ho ønskte å takke Amy for. (...) Ho trong nokre sekund ved mikrofonen før ho klarte å lese.
Takk, Amy.
Takk for at du såg meg, for at du såg gjennom fasaden, for at du plutseleg ropte «Boudicca!» til meg i poesigruppa.
Takk for at du køyrde gjennom torevêret med taket nede – du hadde rett, vi blei ikkje våte.
Takk for at du bad, og for at du nekta å be, og dermed blei ei levande bøn.
Takk for ærlegdommen, for frustrasjonen og sinnet og entusiasmen og gleda. (...)
Takk for at du såg, verkeleg såg, folk som ofte blir oversett: serveringshjelpa som raskt blei ein venn, tiggaren som bad om småpengar, og meg.
Takk for musikken og songen din, for luftgitarspeling i stova, for at du tok meg med for å oppleve fantastiske livegrupper, for at du fekk meg til å danse med deg framfor alle andre til eg blei svimmel av all snurringa.
Takk for at du dulta meg – ok, dytta meg, og av og til drog meg sparkande og skrikande – utanfor komfortsona mi.
Takk for at du ope delte ditt heilt eineståande syn på livet, på universet og på alt – og sa høgt det andre tenkte, men ikkje våga å seie.
Takk for at du elska meg på det rotete, vedunderlege, menneskelege viset vi elskar, og for å ha lært meg så mykje om kva kjærleik er.
For alt dette og mykje meir enn eg klarer å uttrykkje i ord, er eg deg takksam, min venn, og eg er takksam overfor Gud, som gav oss vennskapen med kvarandre. (...)

Hjelp meg Gud, til å bevare og bere vidare alle gåvene du har gitt meg, til å dyrke dei fram og dele dei raust med heile verda, slik du har gjort. Vi kjem til å ha herlege, hysteriske historier å fortelje kvarandre og songar å syngje når «we’ll pick up where we left off when we all meet again».

Bobbie var knytt til Amy fordi Amy verkeleg såg henne. Amy såg krafta og styrken som låg bak Bobbies «eg ler sjukt av noko slik at du ikkje skjønar korleis det smertar»-framtoning. Og Bobbie såg det svake og vakre under Amys sarkastiske festjentevillskap. Gjennom vennskapen var Bobbie og Amy kjende for kvarandre.

VER MODIG. Då eg skreiv Pastrix, fortalde eg redaktøren min om den autoimmune lidinga eg hadde frå eg var tolv til eg var seksten år. Sjukdommen fekk auga mine til å bule så langt ut at det bokstavleg talt var umogleg for meg å lukke dei. Eg fortalde henne kor vanskeleg det var for meg i puberteten. Ikkje særleg hjelpsamt, syntest eg, foreslo ho at eg skulle skrive om det. «Absolutt ikkje», sa eg.

Då eg hadde skrive manus til heile boka og sendt det til henne for ein siste gjennomgang, las ho gjennom det og sende det tilbake til meg med beskjeden: «Altså, les gjennom det igjen og prøv å innbille meg at dette ikkje er ein viktig del av historia. Kvifor i helvete var du så forbanna som unge? Ver modig. Fortel historia.» Og så, motvillig, gjorde eg det.

Av alle mindre elegante ting eg skreiv om meg sjølv i den boka – der eg offentleg vedgjekk narkotikabruk, alkoholisme, bedrageri, seksuell lauslivnad, misantropi og forsøk på å stå fram som ein helt – var det smerta og framandskapen i barndommen som fekk meg til å tenkje: Dersom eg fortel dette, kjem eg til å døy. Dersom eg viser fram det som skjuler seg bak tatoveringane, vil ingen nokon gong tru at eg er kul.

FLOD AV VONDORD. Alle førsteårsstudentar i psykologi skjønar det på ti minutt, men det var først for nokre år sidan eg forstod kvifor så mange «taparar» kom til Huset for alle syndarar og helgenar, kyrkja med den (tilsynelatande) kule, tatoverte kvinnepresten. Det viser seg at eg faktisk trekte til meg folk som meg. Eg ville berre ikkje sjå det.

Somme trur kanskje at det er det artige, tatoverte, sarkastiske ved meg som trekkjer folk til Huset for alle. Det gjeld kanskje for nokre få, men det er dei som aldri blir verande.

Den «kule» delen av meg var aldri det som trekte dei folka som blei verande. Det var det storøygde barnet utan venner som gjorde det. Jenta som åt alle lunsjmåltida sine åleine på ungdomsskulen. Ho som måtte stålsetje seg kvar einaste dag mot den nådelause floda av vondord – den radmagre jenta som lærte å plastre og dekkje såra sine med sinne, kynisme og eit fargerikt språk. Eg hadde trekt til meg folk som meg sjølv heile vegen. Eg var berre for arrogant, eller for sjølvverjande, til å vedgå det.

UROVEKKJANDE SANNING. Huset for alle syndarar og helgenar fekk mykje større meining for meg etter at eg skjøna det. Det eg verkeleg trong frå kyrkja mi, ut frå sanninga eg bar i meg, var at ho konfronterte meg med kva det no var eg prøvde å halde nede, kompensere for og dekkje over. Det eg trong, var Bobbie.

Sjølv om det er standard populær- psykologi, er dette den urovekkjande og vedvarande sanninga: Når folk irriterer meg grenselaust, er det garantert fordi dei viser meg noko eg helst ikkje vil sjå i meg sjølv. Som betyr: Eg visste ikkje korleis eg skulle elske Bobbie, fordi eg ikkje visste korleis eg skulle slutte å gøyme dei delane av meg sjølv som ho fekk meg til å sjå.

Lukasevangeliet inneheld ei likning som Jesus fortel i eit middagsselskap då han ser korleis gjestene vel ut den beste sitjeplassen for seg sjølve. Han sa òg eit ord til verten:

«Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld. Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde. Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att. Men du skal få løn for dette når dei rettferdige står opp frå dei døde. (Lukas 14,12–14)

FACEBOOK. Her kommenterer Jesus det vi gjer (eller ikkje gjer) for at folk skal få ei bestemt oppfatning av oss. Det minner meg om det Caitlin, venninna mi, hevdar om meg: at eg faktisk har nokre fine sider ved personlegdommen min – sjølv om dei ikkje er favorittsidene mine. Likninga tvingar meg til å granske korleis eg prøver å vise fram dei delane av meg sjølv som eg liker best – «kulheita» mi, den liksom litt rå, nyskapande tøffheita – og håper at folk kjøper propagandaen om kven eg er.

Og eg er ikkje åleine. Denne metoden med å velje ut og setje saman ulike delar av oss sjølve er vi mange som til ein viss grad bruker.

Vi skaper med omhug eit image, ein fasade som alltid berre delvis er sann. Og det kan vere temmeleg slitsamt å halde ved like denne delvise sanninga, denne skapte personleg- dommen, dette komponerte «sjølvet». Facebook er det perfekte mediet for denne typen handverk. Det gjer det mogleg for oss å presentere eit bilde av oss sjølve berre frå utvalde delar av livet og personlegdommen vår. Det er derfor vi nesten aldri ser oppdateringar på Facebook som desse: Var åleine heile kvelden igjen. Eller: Lurer på om nokon kjem til å elske meg nokon gong. Eller: Manipulerte nettopp ektefellen min så eg får det akkurat slik eg vil.

Dersom vi bruker profilbildet vårt på Facebook som ein metafor i denne samanhengen, vil Jesus i likninga om middagsfesten vere vennen som alltid legg ut lite flatterande bilde og taggar oss. Bildet der håret vårt er i vill uorden, ræva ser svær ut og eine auget er halvt lukka.

LATE SOM. Ofte føler eg at alle kreftene vi bruker på å prøve å late som noko er sant – at vi er mindre enn vi er eller større enn vi er, eller at éi side ved oss sjølve er heile soga – kjem av redsla for at nokon verkeleg skal kjenne oss, verkeleg skal sjå oss, slik vi faktisk er. Kanskje har vi alle ein skade, ei sårbar side vi må verne om for å overleve. Og likevel, av og til er vi så flinke til å overkompensere for det vi prøver å skjule, at ingen mistenkjer kva sanninga er … og så står vi att i den sanne einsemda: at ingen verkeleg kjenner oss.

For du finn først ekte kjærleik når du tillét nokon å kjenne heile deg.

Det var ein slik kjærleik Amy og Bobbie delte, ved at dei elska kvarandre i, gjennom og forbi det begge kvinnene prøvde å gøyme eller beskytte. (...)

Til slutt i middagsfestlikninga seier Jesus at når vi steller i stand ein fest, skal vi invitere lamme, fattige, krøplingar og blinde. Kan det vere at han foreslår at vi i Guds rike omfamnar alt det vi prøver å gøyme eller kompensere for? I Guds rike treng vi ikkje å fabrikkere eit glansbilde for å gøyme dei lamme, fattige, blinde eller forkrøpla delane av oss. Dei lite flatterande bilda. Dei delane som ikkje har noko å tilby, men som treng hjelp frå andre.

KJÆRLEG BLIKK. Med andre ord er det dei ukule delane av oss Jesus inviterer til bords. Som om den einaste gyldige valutaen i denne fortapte verda er det vi deler med Gud og med kvarandre når vi er ukule, lamme, blinde, fattige og forkrøpla. Og sjølv om det kjennest ubehageleg for meg og for deg å bli sett i eit så sterkt og kompromisslaust lys, er det også ein lette.

Kanskje er det i store delar av liva våre både tryggare og også klokt å verne oss sjølve.

Men rundt Guds bord, og blant Guds folk, treng du ikkje å late som eller å overkompensere. Du kan berre vere.

Og gjennom å berre vere kan du – i det skarpe og kjærlege blikket frå Gud – kjenne deg heil og kanskje også finne litt kvile. Fordi det er så utmattande å halde på fasaden heile tida.

TEKST Nadia Bolz-Weber
Kim Cook Photography
Publisert 23.12.2020
Powered by Cornerstone