Forsiden>Artikler>Har knekt bygde-koden
Innflyttarane Bonolo Ramphomane-Aandahl, Ernst Berge Drange og Anette Opheim skaper møteplasser på Sand i Ryfylke.
Innflyttarane Bonolo Ramphomane-Aandahl, Ernst Berge Drange og Anette Opheim skaper møteplasser på Sand i Ryfylke.

Har knekt bygde-koden

Eit lite lokalsamfunn har lært buddhisten og dei to kristne meir om fellesskap.

 Me er her på jorda for å vera saman, meiner Bonolo Ramphomane-Aandah i fjordbygda Sand i Ryfylke. Medan stadig fleire flyttar frå bygde-Noreg til urbane strok, blir ho verande her. Både ho, Ernst Berge Drange og Anette Opheim har flytta hit som vaksne og skaper på ulike måtar møteplasser i bygda. 

Måtte berre kasta seg uti det

Kjærleik og jobb førte Bonolo Ramphomane-Aandahl til Sand i 2010. 38-åringen er oppvaksen i Johannesburg i Sør-Afrika og budde i Port Elizabeth før ho kom til Noreg som profesjonell volleyballtrenar; frå byar med millionar av menneske, til Sand med rundt 1200.

BONOLO RAMPHOMANE-AANDAHL (39) 

  • Leiar for kommunalt badeanlegg 
  • Anglikansk kristen 
  • Kom til Noreg som profesjonell volleyballtrenar og har vore tilsett på toppidrettslinja ToppVolley Norge 
  • Frivillig volleyballtrenar og medlem i foreldreutvalet ved skulen 
  • Frå Johannesburg i Sør-Afrika, har budd ni år 
  • på Sand i Ryfylke 
Har knekt bygde-kodenBonolo Ramphomane-Aandahl er anglikansk kristen frå Sør-Afrika og kom til Noreg som profesjonell volleyballtrenar.Jan Nordtveit

For å skaffa seg eit liv i denne vesle bygda, måtte ho berre kasta seg uti det.
  Heldigvis er eg utadvent, og blei godt teken vare på av kollegaene på Toppvolley Norge.
I dag er ho sjef for badeanlegget i kommunen, og driv kafeen Brunsj på kulturhuset.
 For meg betyr fellesskap alt, det er drivkrafta bak samfunnsengasjementet mitt. 

Rampomane-Aandahl vaks opp i ein anglikansk, kristen familie som gjekk på søndagskule og gudsteneste kvar veke.  
 Heng trua di saman med det engasjementet for fellesskap? 
 Ja, eg ønskjer å byggja bruer, ikkje for å tena pengar, men fordi det er godt å gjera gode ting. Det handlar om tru. Det er ikkje eg sjølv som er drivkrafta i livet mitt, men Den heilage ande. 

Veit ikkje om andre buddhistar i bygda

ANETTE OPHEIM (35) 

  • Formidlar ved museum, er utdanna lektor 
    med master i historie 
  • Buddhist 
  • Kommunepolitikar 
  • Styremedlem i det lokale folkeakademiet og 
    i Rogaland SV 
  • Frå Ølen, har budd åtte år på Sand i Ryfylke 

Ein annan slags «kafé» i bygda har opna dører inn i lokalsamfunnet for Anette Opheim frå Ølen. På Ryfylkemuseet er det «Internasjonal kafé» ein gong i månaden  «ein triveleg kveld med god mat og god tid til å bli betre kjende med kvarandre», og alle er velkomne. I 2012 fekk Opheim arbeid som formidlar ved museet og flytta til Sand, etter å ha budd i Trondheim og Berlin.
 Det å laga mat og eta saman betyr mykje, ikkje minst for dei som treng språktrening. Og det kjennest godt med eit fellesskap der alle kjenner at ein kan bidra, seier Opheim. Ho er buddhist og kjenner ingen andre på Sand som er det. 

Har knekt bygde-kodenAnette Opheim er buddhist og kom til Sand for å arbeida med formidling på museum.Jan Nordtveit

 Eg blei oppteken av buddhisme og sosialisme gjennom ungdomsskulen og tenåra. Kva som kom først av dei veit eg ikkje, men eg opplever at dei to tankesetta fungerer ganske greitt saman. Trua og verdiane mine gir meg lyst til å jobba for eit betre samfunn, der det er meir kjærleik og mindre hat.

I tenåra melde ho seg inn i Buddhistforbundet. Buddhismen stemte allereie med kjensla av at alt heng saman og av at menneska blir fødde igjen, då ho begynte å læra meir. 

 Samtidig vil eg ikkje seia at eg er veldig religiøs. Eg tenkjer ikkje at det må vera alt eller ingenting, ein vel sjølv kor mykje ein vil praktisera.

For meg har det variert mykje gjennom åra. Kanskje er det lettare å tenkja slik som konvertitt enn om ein er fødd inn i religionen. Det er grunnfilosofien i buddhismen som er det viktigaste for meg, blant anna å ha kjærleik og medkjensle for alt og alle  også mot seg sjølv. 

Fascinert av soknet som fellesskap

ERNST BERGE DRANGE (66)

  • Bygdebokskrivar, er utdanna etnolog
  • Aktiv i Den norske kyrkja og leiar i soknerådet 
  • Korpsmusikant
  • Frå Fana, har budd tretti år på Sand i Ryfylke 

Ernst Berge Drange frå Fana kom hit «på eit flyttelass», då kona fekk jobb på

Har knekt bygde-kodenErnst Berge Drange er luthersk kristen og blei med til Sand «på eit flyttelass».Jan Nordtveit

 folkehøgskulen for vel 30 år sidan. Sjølv blei han bygdebokskrivar ved museet, altså den som skriv ned lokalhistoria om stader og slekter. Fanabuen møtte ikkje uvilje, men merka ein viss skepsis: «Kunne ein bergensar greia det?» I dag står bygdebøkene hans i bokhyller i heile kommunen. Dei siste åra han også vore leiar i soknerådet.
 For meg som lokalhistorikar er det fascinerande å tenkja på at soknet er den eldste administrative eininga i fedrelandet. Soknet har røter heilt tilbake til 11-1200-talet og er eit framleis viktig fellesskap. 

 Er di tru også ei drivkraft til å skapa fellesskap? 

 Ja, trua mi er ein spore til vera eit medmenneske i lokalsamfunnet og spørja seg sjølv korleis ein bidra til at denne dagen blir god for andre. Mange av oss er ikkje verdas mest sosiale personar. Då må ein jobba litt for det. 

Små bygder tvingar ulike menneske til å vera saman

Alle tre er samde om at i ei lita bygd har den enkelte eit større ansvar for å vera aktivt oppsøkjande, enn i ein by der du kan gøyma deg i mengda. 

 Eg tykkjer det er lett å bli kjent med folk her. Menneska er veldig inkluderande, seier Opheim. Ho er lesbisk og har dei to siste åra arrangert ei Pride-markering i lag med nokre vener.
 Eg har ikkje fått negative reaksjonar i etterkant. Det føler eg seier ein del om samfunnet her. Samstundes registrerte eg jo lesarbrev i lokalavisa  som var negative til at homofile skulle få gifta seg i kyrkja, men dei røystene har eg vald å ikkje lytta til.

Ramphomane-Aandahl og barna deltok på Pride-festen for å støtta mangfald og toleranse.
 Kjærleik er kjærleik. Det er viktig at me er opne og ikkje fordomsfulle. Fellesskap opnar dører, slår ho fast. 

På større plasser er det lettare å berre vera saman med folk som liknar på deg sjølv, meiner Opheim. Dermed kan det også vera lettare å laga seg idear om korleis «dei andre» er. 

– Små bygder tvingar deg til å vera saman med menneske som er ulike deg sjølv. Det er ein fordel. 

Dei to andre er enige.

Har knekt bygde-kodenDei tre innflyttarane er opptatt av kva som skaper gode fellesskap.Jan Nordtveit

Gjensidig respekt og ærlegdom

Ernst Berge Drange viser til at Sand også historisk sett har vore kjent som ei open bygd som alltid har hatt mykje kontakt med omverda.
 I mange bygder har bedehuskulturen vore sterk og styrande. På Sand har same mann vore formann i bedehusstyret og i styret for den frilynte folkehøgskulen. Slikt hadde ikkje gått andre stader. 

 Kva kjenneteiknar eit godt fellesskap? 
 Når ein deler noko med medmenneska sine, og folk stiller opp for kvarandre, seier Drange. 

For Ramphomane-Aandahl handlar det om gjensidig respekt og ærlegdom. 
 Det er godt å vera i fellesskap med folk som er ærlege og som byr på seg sjølv. Då blir det fruktbare samtalar. 
Opheim tenkjer at gode fellesskap handlar om å finna fram til noko saman og læra av kvarandre, framfor å konkurrera. Og at det er lov å vera på ulike måtar.
 Det er ikkje alltid rett fram. Somme gonger treng ein å vera med folk som er like seg sjølv. 

Praktiserer trua heime

Kyrkja er ein stad der Bonolo Ramphomane-Aandahl kan sakna å vera med folk som liknar meir på henne. Ho saknar gudstenestene heime i Sør-Afrika.
 Der føler du Den heilage ande på ein annan måte, og det er inga skam å uttrykkja det. Her vil eg jo ikkje vera den einaste som klappar og syng ståande, når alle dei andre sit stille i benkene, seier Ramphomane-Aandahl. Men ho praktiserer trua heime med familien, ved å lesa bibelbøker og be med barna. Og i det siste har ho tenkt på at det hadde vore fint å vera meir i kyrkja.  

Anette Opheim saknar eigentleg ikkje fellesskap med buddhistar. Kanskje fordi ho ikkje vaks opp med det. 
 Men dei fleste meiner at du bør ha eit religiøst fellesskap for å vera ein god buddhist. I Trondheim gjekk eg i ein meditasjonssirkel, men ikkje her. Eg kan ha glede av å gå på yoga, og eg snakkar med andre som er opptatt av religion og spiritualitet generelt. 
Opheim er politisk engasjert, og finn slik eit slags fellesskap kring ei retning ho ønskjer at verda skal gå i.

Måltidsfellesskap og gjestfridom

 Sand er det berre forordna gudsteneste kvar annan eller tredje søndag. Men soknerådsleiar Drange er opptatt av at «kvar søndag er kyrkjedag». Når det ikkje er gudsteneste, inviterer soknerådet til alt frå konsertar og bibeltimar til kveldsmat på langbord. 

 Eg tykkjer det er viktig at folk i soknet skal kjenna at kyrkja er deira, uansett kva dei tenkjer og trur. Det skal vera låg terskel og høg himmel i kyrkja.

 Kva er det eigentleg med måltid og fellesskap og tru? Heng det saman? 

 I kristendommen er måltidet til og med eit sakrament, i nattverden. Det er absolutt ei fellesskapserfaring. Det fellesskapsmåltidet unner eg flest muleg å vera del av, sjølv om dei ikkje kan uttrykkja trua si sterkt og tydeleg. Ein må kunna vera på veg når det gjeld tru, seier Drange. 
Han er også glad i kyrkjekaffitradisjonen, då får ein prata litt om ting ein er opptatt av og sjansen til å vera medmenneske for kvarandre. 

 Nokre gonger går me bort til bedehuset på nabotomta og samlast for å eta kaker. Nå jobbar me faktisk med bedehusstyret for å laga ei opning i den gamle steinmuren rundt kyrkja, for å få ein gangveg som endå tydelegare viser fellesskapet mellom kyrkja og bedehuset. 

For Anette Opheim er te-meditasjon det første ho tenkjer på, når ein spør om måltidsfelleskap har noko med trua hennar å gjera. 

 Då drikk du te sakte og medvite, mens du tenkjer på heile prosessen som ligg bak det du drikk. Regnet som har falle på jorda og blada, bonden som har hausta teen, vatnet som har blitt varma opp. Det er også eit slags fellesskap, tenkjer ho. I meditasjonssirkelen i Trondheim åt dei alltid frukt saman. 
 Han som leidde meditasjon ville alltid kjøpa inn frukta for eigne pengar og gi det til oss andre. For han var dette ein viktig del av korleis han praktiserte trua si, og det blei viktig for oss også. 

Å visa gjestfridom er viktig for Bonolo Ramphomane-Aandahl. Hennar tankar om måltid og gjester, heng saman med verdiane ho har vakse opp med i Johannesburg. Heime måtte det alltid vera nok mat til å kunna by folk som plutseleg banka på, fortel ho. Det var heilt utelukka å seia «det passar ikkje med besøk, me et middag».

– Viss det ikkje er nok til alle, så gir du heller gjesten din eigen porsjon. Så stor pris set me på måltidsfellesskapet. Eit måltid skal ikkje ekskludera nokon, det skal alltid inkludera. 

 

 

 

TEKST Ann Kristin van Zijp Nilsen, Heidi Hjorteland Wigestrand
Jan Nordtveit
Publisert 08.12.2020
Relevante saker
Inspirasjon, Tørst
22.11.2023
Inspirasjon, Tørst
30.08.2023
Inspirasjon, Tørst
11.05.2023
Powered by Cornerstone